Rekneskap


Rekneskapsrapporten er eit viktig styringsverktøy, og jo ferskare det er jo desto meir nytte vil du ha av det. Rekneskap er mykje meir enn føring av bilag. Det er mellom anna vurdering av framdrift i prosjekter, varelagervurderingar og verdivurdering av driftsmidlar.

Rapportering vert tilpassa det enkelte oppdrag og kan tilpassast til å få ut dei nøkkeltala du er mest oppteken av, og som viser kva som skjer i verksemda.

Hardanger Økonomiserservice AS kan gjennom våre moderne IT system tilby rekneskapstenester i fleire variantar og arbeidsdelingsmåtar. Alt frå at me registrer papirbilag på tradisjonell måte, til at du kan få eit papirlaust rekneskap der de gjer delar av jobben sjølv, online på vårt system. Rutinane bør leggjast opp slik at alle data kunn vert registrert ei gong.